Berga draumen om finale

REDDA DRAUMEN: Geir-Inge Heggestad.
REDDA DRAUMEN: Geir-Inge Heggestad. Foto: Tor Yttri

Sogndal Fotball sin arrangementssjef Geir-Inge Heggestad (bilete) vart berginga for Terje Skjeldestad og Rune Bolseth. No får dei alle sett kveldens meisterligafinale i Aten.

DIREKTE 20.45: MESTERLIGAFINALEN MILAN - LIVERPOOL!

Publisert: 23.05.2007 kl. 07:40 , endret: 23.05.2007 kl. 07:41

Av: Roar Lyngøy

Heggestad og spelarane Skjeldestad og Bolseth er ihuga fans av Liverpool, som i kveld møter AC Milan i den greske hovudstaden.

Dei tre hadde saman med broren til keeper Skjeldestad sikra seg fly og kampbillettar til finalen gjennom eit selskap. Men tidleg i går vart gleda snudd til botnlaus fortviling.

Då kom nemleg kontrameldinga om at mange norske Liverpool-fans måtte avlysa turen, på grunn av manglande landingsgodkjenning for reiseoperatøren i Hellas.

– På treninga i dag kom Geir-Inge springande og fortalde om at flyet var kansellert. Eg var sikker på at han tulla, fortalte Skjeldestad i går ettermiddag.

Men tull var det dessverre ikkje.

– Vi har holdt på i heile natt med å skaffa landingsgodkjenning i Aten, men det var ikkje ein sjanse. No torde vi ikkje venta lenger, sa Tom Karoliussen i Premier Travel til ABC Nyheter.

Selskapet hadde seld 120 flysete til turen – mellom anna til gjengen frå Sogndal. Selskapet forsøkte også to andre flyplassar, Tessaloniki og Araxos, utan å lukkast.

– Vi hadde gleda oss skikkeleg til dette. Først ryk vi ut av cupen mot Stryn, og no dette. Men livet må gå vidare, sa ein betutta Skjeldestad.

Reiste likevel

Kvartetten frå Sogndal sette seg likevel på flyet til Gardermoen. Og arrangementssjefen vart redninga. Han fiksa rutefly i staden.

– No er det ei letta stemning her. Arrangementssjefen har vore kreativ og greid å miksa det til, fortalde Skjeldestad på telefon frå Gardermoen ved 20-tida i går kveld.

Heggestad fortel:

– Via knallhard telefonering har vi no fått ei rute både ned og opp som er til å leva med, både tidsmessig og økonomisk. I mi verd fins det ikkje problem, men utfordringar. Det er alltid nokon prosents sjanse for at ting løyser seg, seier han.

Båt til Istanbul

Sogndal-gjengen kvilte ut på hotell på Gardermoen i natt, før dei klokka 06.30 sat seg på flyet til Rhodos. Deretter går turen med fly til Aten, der dei etter planen skal landa klokka 14.

– Han frå reiseoperatøren har lova å koma med billettane på flyplassen når vi landar. Billettane er det eg er minst uroa over, seier Heggestad.

At gjengen er villig til å ofra mykje for å sjå favorittklubben sin, viser reiseruta dei skal ha tilbake i morgon.

– Først tek vi båt fra Aten til Istanbul, og deretter fly frå Istanbul via Amsterdam til Oslo, fortel Heggestad.

Ingen av dei vil ut med kva gildet kostar.

– Det er klart det vert dyrt. Men vi er innafor den grensa vi sette då vi planla turen, seier arrangementssjefen i Sogndal.

Avtalte i 2005

Terje Skjeldestad fortel at han har sett Liverpool «live» mange gonger. Men han var ikkje tilstades under den utrulege finalen mellom Liverpool og Milan i Istanbul for to år sidan, då Liverpool vann på straffer.

– Under finalen for to år sidan sat vi faktisk heime hjå meg. Då vart vi einige om at neste gong Liverpool kom til finalen, skulle vi gjere alt for å vere der, seier keeperen.

Og no ser det altså ut til at draumen går i oppfylling.

  • Det er ikkje berre norske fans som har fått trøbbel. På grunn av streik blant italienske flygeleiarar har også mange Milan-supportarar fått turen øydelagd.

Skriv et nytt innlegg

Skriv ditt innlegg her - maks 2000 tegn. Innlegget må undertegnes med fullt navn. Innlegg med usaklig innhold eller upassende språkbruk blir ikke publisert.

PÅ TUR: Terje Skjeldestad.
PÅ TUR: Terje Skjeldestad. Foto: Morten Olsen - Digitalsport
PÅ TUR: Rune Bolseth.
PÅ TUR: Rune Bolseth. Foto: Digitalsport

Tabeller

# Lag K S U T P
1 Strømsgodset 9 6 1 2 19
2 Molde 9 6 0 3 18
3 Rosenborg 9 4 4 1 16
4 Haugesund 9 4 4 1 16
5 Tromsø 9 4 3 2 15
6 Hønefoss 9 3 4 2 13
7 Sandnes Ulf 9 3 4 2 13
8 Vålerenga 8 4 1 3 13
9 Odd Grenland 9 3 3 3 12
10 Sogndal 9 3 3 3 12
11 Viking 9 3 2 4 11
12 Brann 9 3 1 5 10
13 Aalesund 9 2 4 3 10
14 Lillestrøm 9 1 4 4 7
15 Fredrikstad 9 1 3 5 6
16 Stabæk 8 0 1 7 1
# Lag K S U T P
1 Manchester C 38 28 5 5 89
2 Manchester U 38 28 5 5 89
3 Arsenal 38 21 7 10 70
4 Tottenham 38 20 9 9 69
5 Newcastle 38 19 8 11 65
6 Chelsea 38 18 10 10 64
7 Everton 38 15 11 12 56
8 Liverpool 38 14 10 14 52
9 Fulham 38 14 10 14 52
10 West Bromwich 38 13 8 17 47
11 Swansea City 38 12 11 15 47
12 Norwich 38 12 11 15 47
13 Sunderland 38 11 12 15 45
14 Stoke City 38 11 12 15 45
15 Wigan 38 11 10 17 43
16 Aston Villa 38 7 17 14 38
17 Queens Park Rangers 38 10 7 21 37
18 Bolton 38 10 6 22 36
19 Blackburn 38 8 7 23 31
20 Wolverhampton 38 5 10 23 25
# Lag K S U T P
1 Start 7 4 3 0 15
2 Ullensaker/Kisa IL 7 5 0 2 15
3 Bodø/Glimt 7 4 2 1 14
4 Sarpsborg 08 7 4 2 1 14
5 Ranheim IL 7 3 3 1 12
6 Sandefjord 7 3 2 2 11
7 Tromsdalen 7 3 1 3 10
8 Strømmen IF 7 3 1 3 10
9 Kongsvinger 7 3 0 4 9
10 HamKam 7 2 2 3 8
11 Bryne 7 2 2 3 8
12 Mjøndalen IF 6 2 1 3 7
13 Alta IF 7 1 3 3 6
14 Notodden FK 7 2 0 5 6
15 Hødd 6 1 0 5 3
16 Bærum SK 5 0 2 3 2
# Lag K S U T P
1 Real Madrid 38 32 4 2 100
2 Barcelona 38 28 7 3 91
3 Valencia 38 17 10 11 61
4 Málaga 38 17 7 14 58
5 Atlético Madrid 38 15 11 12 56
6 Levante 38 16 7 15 55
7 Osasuna 38 13 15 10 54
8 Mallorca 38 14 10 14 52
9 Sevilla 38 13 11 14 50
10 Athletic Bilbao 38 12 13 13 49
11 Real Sociedad 38 12 11 15 47
12 Real Betis 38 13 8 17 47
13 Getafe 38 12 11 15 47
14 Espanyol 38 12 10 16 46
15 Rayo Vallecano 38 13 4 21 43
16 Real Zaragoza 38 12 7 19 43
17 Granada CF 38 12 6 20 42
18 Villarreal 38 9 14 15 41
19 Sporting Gijón 38 10 7 21 37
20 Racing Santander 38 4 15 19 27

Hvem tror du vinner eliteserien i 2012?

Tracker image