Follo - Sogndal 3-1: - Eg er forferdelig skuffa, seier kaptein Lars Grorud.
Publisert: 15.08.2010 kl. 22:16 , endret: 17.08.2010 kl. 19:49
- Eg er forferdeleg skuffa no. Det er ikkje ofte ein får sjansen til å koma til semifinalen i cupen, kanskje berre ein gong i karriera. Eg er litt tom no, seier Sogndals kaptein Lars Grorud.
Sogndal kom klart best i gang på Ski stadion søndag kveld. Etter 15 minutt scora Espen Olsen, og det stod 1-0 til Sogndal til pause.
- Burde blødd for drakta
Men i andre omgang tok Follo fullstendig over, og mål frå Jens Kristian Skogmo og to frå Eirik Markegård, avgjorde kampen til fordel for Follo.
- Det låg ein semifinale og venta på oss dersom me vann, men me spelte ikkje som om det var tilfelle. Me burde ha blødd meir for drakta i dag, men i andre omgang spesielt sprang me ikkje nok. Innsatsen var der berre ikkje, seier Grorud
Trenar Aabrekk hadde følgjande analyse av kampen.
- Me fekk mål mot oss på grunn av manglande markering og etter dødballsituasjonar der me ikkje gjorde jobben, men det var ikkje det som gjorde at me ikkje tapte. Utover i kampen fall spelarane for freistinga til å spela possession-fotball, og det er me ikkje gode til. Me er best når me er direkte i stilen, seier Aabrekk.
Markegårds revansj
Eirik Markegård fekk ein herlig revansj søndag kveld. Follo-angriparen scora hat trick då Sogndal slo Follo 4-3 på Fosshaugane i serien i jul. I tillegg missa Markegård også straffe i den kampen.
I gårsdagens cupkamp fekk Markegård sin revansj då han scora to mål og vart matchvinnar.
- Det var verkeleg deilig å få revansj i denne kampen, seier Markegård.
(Artikkelen fortsetter)
VIDEO: Sogndal - Follo i serien - den dramatisk kampen
Han og Follo-spelarane gliste stort i går etter det som kanskje var østlandsklubben sin største prestasjon nokosinne: Å koma til semifianalen i cupen.
Men Markegård medgir at Sogndal kunne ha vunne dei også.
- Me fekk ein forferdeleg start på kampen, og var heldige som berre låg under 0-1 til pause.
Men framfor andre omgang bestemte Follo seg for å ta Sogndal.
- Me bestemte oss for å klina til i duellane. Og då me fekk 1-1 var det ei kjempestor vitamininnsprøyting, seier Markegård.
Han scora 2-1 og 3-1 for Follo.
Fakta
Follo – Sogndal 3-1 (0-1)
Ski Stadion
NM kvartfinale
MÅL: 0-1 Espen Olsen (15.), 1-1 Jens Kristian Skogmo (70.), 2-1 Eirik Markegård (75.), 3-1 Markegård (90.)
TILSKODARAR: 1800
DOMMAR: Dag Vidar Hafsås, Kolstad
GULT KORT: Espen Olsen
SOGNDAL (4-4-2): Piotr Leciejewski – Isak Scheel, Even Hovland, Lars Grorud, Per Egil Flo – Ole Jørgen Halvorsen, Henrik Furebotn, Ayhee Aye Elvis, Barry Kader (Mats Solheim 75.) – Espen Olsen (Håvard Flo 60.), Ulrik Flo (Tommy Øren 81.)
Semifinalene i cupen spilles slik:
Follo - Rosenborg (Follo får hjemmekamp)
Strømsgodset - Odd